Svaret er heilt klart ja!IMUHO sine avdelingar er sau og ull viktige tema.
Både på Lyngheisenteret og Havrå gjer saueflokken eit viktig arbeid med å ta vare på kulturlandskapet. Dei er ein viktig del av formidlinga om korleis dyra tradisjonelt har vore og framleis vert nytta til beiting, mat- og klesproduksjon.
Ullkleda og utstyr til karding og spinning var viktig og naudsynt innhald i Amerikakoffertane du kan sjå både på Vestnorsk utvandringssenter og Osterøy museum. På Osterøy kan du og læra meir om korleis ull er nytta i tradisjonell klesproduksjon.
På tekstilfabrikken i Salhus gav den industrielle produksjonen av ull- (og bomulls)klede arbeidsplassar og livsgrunnlag for generasjonar.Kanskje du blirmed sauen Bændik på omvisning i dei gamle fabrikklokala?
Vil du strikke i ull, har me flotte strikkepakkar som museumstvinnluaellerOline-puten i pelsullfrå Tekstilindustrimuseet. Du treng ikkje strikke sjølv, kva med eitullskjerfstrikka på ei strikkemaskin frå 1930?
Og du? Om du ønsker deg ein heilt eigenBændikhar me det og..