Samling: Osterøy Museum

Osterøy museum ligg vakkert til på Gjerstad, midt på Nord-Europas største innlandsøy. Her viser gamle og nyare hus i eit spanande tun levemåten i bygdene nord for Bergen. Vi knyter saman det immaterielle og det materielle: gjenstandane og handverksteknikkane som høyrer til dei. Museet har spesiell kunnskap om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggeskikk.