Samling: Tekstilindustrimuseet

Salhus Tricotagefabrik er ein freda tekstilfabrikk frå 1859. I 130 år produserte fabrikken islendarar, undertøy, sokkar og fritidsplagg.

I dag held Tekstilindustrimuseet til i dei historiske fabrikklokala og formidlar historia om norsk tekstilindustri. Vi held framleis dei gamle maskinene i drift og produserer bærekraftige, lokalproduserte produkt av høg kvalitet.