Grunna ferieavvikling blir det ikkje sendt ut varer mellom 18.-31.desember

Over havet til Amerika
Over havet til Amerika
Over havet til Amerika
Over havet til Amerika
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Over havet til Amerika
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Over havet til Amerika
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Over havet til Amerika
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Over havet til Amerika

Over havet til Amerika

Vanlig pris
350,00 kr
Salgspris
350,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Sommaren 1825 forlét 52 barn, ungdommar og vaksne Stavanger i ei lita seglskute med namnet RESTAURATION. Dei skulle segla heilt til Amerika. I denne boka finn du historia om dei første norske emigrantane som drog til Nord-Amerika, fortald med ord og bilde.

Forteljar Anne Elisebeth Skogen har skrive ei sakprosabok i forteljande form om det første norske utvandrarfølgjet som forlet Norge sommaren 1825 i ei overfylt seglskute.  Illustratøren, Nenad Ignjatic er ein anerkjent biletkunstnar fra Bosnia, som har budd på Sand sidan krigen på Balkan. 

Boka er skrive slik at 10-12 åringar kan lesa sjølv, med hjelp av liste bak i boka over vanskelege ord og uttrykk, og eignar seg dessutan godt til høgtlesing for yngre.  Ungdom og vaksne vil òg ha glede av boka.

Nils på ni år og søstrene hans var så spente og gledde seg til å møta att onkelen. Han heitte Kleng Peerson og hadde reist i førevegen. Ei yngre jente, Marta Helene, skulle reisa saman med mor si og far sin. Ho gledde seg ikkje, men var berre trist og lei seg. Kvifor var ho det? Og kva hende om bord på den overfylte seglskuta på den tre månader lange reisa? Korleis var det så å komma til den store byen New York? Og korleis kom dei seg vidare til staden der dei skulle bu?