I denne boka forteljer Kjartan Rødland historia bak Vestnorsk Utvandringssenter. Her kan du lese om korleis eit lokalsamfunn på dugnad flytta bygningar frå Midtvesten i USA til Sletta på Radøy for å gjenskapa ein liten prærielandsby.
"Det finst gode bøker, det finst mange nokså vanlege bøker, men det finst og ei og anna bok som er heilt naudsynt. Denne boka er det. Ho er minnet om samfunnet som dei norske pionerane på prærien skapte for seg og sine, med kyrkje, skule, prærieklinikk, rådhus og fengsel. Men det handlar og om ei lita grend i ein liten kommune, som på dugnad og eigen kostnad drog til Amerika og henta den norske historia på prærien, i siste liten før minna var borte." Kjartan Rødland
This book tells the story about the Western Norway Emigration Centre. Text in Norwegian.