FØREHANDSSAL: Boka er i sal frå 3.desember, men du kan allereie no førehandstinge og få den tilsendt i god tid før jul. Dei første 5 bestillingane får boka signert.
Brotkvitel, brautåkle, bråkvitel, teppe
I samarbeide med forfattarane Elin Alver, Marta Kløve Juuhl, Ranveig Reigstad og Kristi Skintveit, fotograf Torill Geelmuyden og redaktør Randi Andersen er det gjort ein stor dokumentasjon av åkle- og vevtradisjonar i Nord- og Midthordland. Åkleeigarar i heile regionen har velvillig delt sine åkle og historier og forfattarane har med stor kunnskap gjort denne åklereisa gjennom bygdene og kommunane våre.
Boka «Åkle» er ein heider til vevarane, og den rike tradisjonen etter dei, og med denne boka skriv forfattarane regionen vår inn i den nasjonale tekstile kulturarven.
Vi gler oss over å presentere ei fargerik og flott bok!
Utgivar av boka er Nordhordland Husflidslag

