Bilde av kystlynghonning i 125 gram og 250 grams krukker
bilde av lokket på honning med Smak av Nordhordland logo
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Bilde av kystlynghonning i 125 gram og 250 grams krukker
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, bilde av lokket på honning med Smak av Nordhordland logo

Kystlynghonning

Vanlig pris
125,00 kr
Salgspris
125,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Honning frå bier som har gått på Lyngheiene på Lygra, og blitt foredla av Bi1 Bigård. 

Bi1 Bigård driv birøkt og har honningproduksjon i Sandviken i Bergen, men bikubane er plassert ut over heile fylket. Dei har høsta gull i norgesmesterskap for sortshonning i 2022 og 2023, og selskapet er oppteken av bærekraft innan birøkt. Birøktar Vegard Helland er fjerde generasjons birøktar i en familie som har drive med bier sidan 1941. 

Kystlyngheia er eit karrig landskap med skrinn og næringsfattig jordsmonn. Røsslyngen og dei andre lyngartane i kystlyngheia er nøysame og trivast i dette landskapet. Lyngplantane, med røsslyngen og klokkelyngen i førarsetet, fristar pollinerande insekt med vakre blomar og nektar med komplekse duftstoff. 

Honningbier som pollinerer lyngplantane finn aromamolekyl i nektaren, og desse set smak på honningen deira. Kvar lyngart har sin eigen duftsignatur. Røsslyngen har bitre og intenst krydra tonar, medan klokkelyngen er ein syrleg eksplosjon mot tropiske frukter og søtkirsebær. Bærlyng som blåbær og tyttebær har ein treaktig, vaniljeprega djup sødme. Og så må vi ikkje gløyme purpurlyng, Erica cinerea, med sin milde og sarte nektar.