Forside bok
Bilde av illustrasjon i Villsauboka, der ein ser ein kvit sau med store horn
Bilde av tekstside i Villsauboka
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Forside bok
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Bilde av illustrasjon i Villsauboka, der ein ser ein kvit sau med store horn
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Bilde av tekstside i Villsauboka

Villsauboka

Vanlig pris
400,00 kr
Salgspris
400,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

I over fem tusen år har menneske stelt kystlandskapet for å skaffe seg mat og skapt seg eit liv i nært samspel med naturen. I lyngheiane ved havkanten har dei hatt sauer på beite, som gav både kjøt, mjølk, skinn og ull. ”Den gammalnorske sauen er eineståande og har til alle tider gjeve oss så rike gåver at han fortener respekt og omsut. Ursauen er ikkje gammaldags, men ein sau for framtida,” skriv forfattar Hilde Buer i denne første boka om villsauen.

Villsauboka gjev ei grundig framstilling av villsauen si kulturhistorie og fortel om villsauen sin plass i høve til andre sauerasar. Vi får høyre om kva som særpregar villsauen, og korleis ein kan få mest mogeleg ut av sauehaldet gjennom samspelet med dyra. Andre emne er stell av lyngheiane, lyngbrenning, avl, beiting og fôring, bruken av ulla, villsaugarden og sauehaldet i vid forstand.

Villsauboka er både ei lærebok og ei oppslagsbok, men også ei bok til glede og inspirasjon for alle med interesse for sauehald. Boka byggjer på oppdatert kunnskap og forskingsresultat frå inn- og utland. 


For nokre tiår sidan var den norske villsauen truga av utrydding. I dag er villsauhaldet i stor vekst, og ein reknar med at det i 2010 var kring 40 000 søyer i landet. Desse sauene syter for å halde dei utrydningstruga lyngheiane opne og gjev liv i mange små kystbygder. Villsauen ber med seg rik kulturhistorie og viktig genetisk arv for framtida.