Dette er ei digital nedlastning av oppskrifta. Du mottar link til nedlasting på e-post.
Mønsteret er inspirert av vestlandske mønstertradisjonar, og er designa av Birger Berge for Bergen Strikkefestival. I Nordfjord hadde dei stolpetrøyene, som er tradisjonelle trøyer med vertikalt stripemønster. I Fana har ein den kjende fanatrøya med enkle horisontale striper. Også mønstra frå trikotasjefabrikken i Salhus hadde ofte enkle stripemønster i sine mønsterarkiv, og mønstertypen og fargevala her er inspirert av desse ulike tradisjonane.
Storleik:
Baby (barn) stort barn / lita dame (dame) herre kort (herre lang)
Lengde hand: 8 (13) 17 (18,5) 23 (24) cm
Lengde mansjett: - (6) 8 (8) 8 (8) cm
Heil lengde: 12 (18) 25 (26,5) 31 (33) cm
Breidde: 6 (7) 10 (10) 12 (12) cm
Garn: 3-tråds Museumstvinn, Tekstilindustrimuseet
100% ull, ca 270 cm / 100 g
Garnmengde:
Bunnfarge: 25 (30) 36 (36) 50 (50) g
Mønsterfarge: 15 (20) 28 (28) 50 (50) g
Aksentfarge 1: - (10) 12 (12) 15 (15) g
Aksentfarge 2: - (6) 8 (8) 10 (10) g
Fargeforslag:
Bf: Kvit undikk / Mf: Svarte natta / Af 1: Ingrids blå / Af 2: Terracotta
Bf: Kvit undikk / Mf: mørk brun / Af 1: Flaskegrøn / Af 2: Lys grøn
Bf: Kvit undikk / Mf: Svarte natta / Af 1: Flaskegrøn / Af 2: Ny turkis
Bf: Kvit undikk / Mf: Mørk turkis / Af 1: Ingrids blå / Af 2: Roserosa
Pinneforslag: 3 og 3,5
Strikkefasthet: 25 m per 10 cm