Grunna ferieavvikling blir det ikkje sendt ut varer mellom 18.-31.desember

Norske blomsterenger: Forbilder, frøblandinger, etablering og skjøtsel

Norske blomsterenger: Forbilder, frøblandinger, etablering og skjøtsel

Vanlig pris
579,00 kr
Salgspris
579,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Norge er eit variert og langstrakt land med eit stort mangfald av slåttemarker. Gjennom historia har slåttemarkene utvikla seg til "levande genbankar". I fleire tusen år har desse bærekraftige økosystema vore eit nøkkelelement i norsk landbruk, men har likevel dei siste 50 åra endt opp som ein av dei mest trua naturtypane våre. Mange raudlista artar og naturtypar er knytta til kulturlandskapet ulike stader i Noreg. På Havrå og Lyngheisenteret kan du læra meir om korleis dei skjøttar kulturlandskapet i deira område.

Boka Norske blomsterenger presenterer eksempel på norske slåttemarker og gjer råd om kva artar som bør nyttast kor i landet, korleis ein best etablerer blomstereng, bruker friskt plantemateriale, innsamling av frø samt korleis ei nyetablert blomstereng bør skjøttast. Den er skrive i samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Naturhistorisk museum ved UiO, Norges miljø- og biovitenskapelege universitet og norsk institutt for bioøkonomi.

Du kan bla i boka her.