Grunna ferieavvikling blir det ikkje sendt ut varer mellom 18.-31.desember

Havråboka : Soga om ein gammal gard på Osterøy
Havråboka : Soga om ein gammal gard på Osterøy
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Havråboka : Soga om ein gammal gard på Osterøy
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Havråboka : Soga om ein gammal gard på Osterøy

Havråboka : Soga om ein gammal gard på Osterøy

Vanlig pris
280,00 kr
Salgspris
280,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Her har det vore busetnad og gardsdrift sidan eldre bronsealder. På Havråtunet ligg husa samla i rekkjer med steinsette gater imellom, og er sentrum i eit kulturlandskap med sterk teigblanding som vitnar om samvær og samarbeid. Garden vart freda i 1998, som det første kulturmiljøet i Noreg, og er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.

Boka er skriven av Brita Gjerdåker Skre, som har følgd arbeidslivet på Havrå sidan 1949 og har eineståande kjennskap til garden, folket og utviklinga på Havrå. Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto og mange kart over synlege og usynlege kulturminne.