Ut av skyggene

Ut av skyggene

Vanlig pris
300,00 kr
Salgspris
300,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Forteljinga om dei første norske innvandrerkvinnene som kom på byrjinga av 1970-talet, skrive av Shazia Majid.

Den 25. januar 1973 landa ei ung pakistansk kvinne på Fornebu flyplass i Oslo. I ventehallen sto ektemannen hennar, med både bolig og jobb ved Oslo Reiseeffektfabrikk. Kvinna var spent, og lykkeleg uvitande om livet som venta henne i verdas mest likestilte land. 

Ho var ikkje aleine, det er komme tusenvis som henne til Norge. Men i tiår etter tiår levde innvandrer-kvinnene på utsida av samfunnet, bortgøymd og gløymd. Likevel har dei fostra opp ein generasjon med døtre som knuser patriarkat og glasstak. 

Den unge kvinna som kom til Norge for snart femti år sidan, skulle med tida bli mor til fem jenter. Ei av dei er VGs profilerte kommentator Shazia Majid, som har skrive denne boka.
Kva har kvinnene vunne, og kva gjekk tapt? Dette er forteljinga om ein blind flekk i norsk historie. Det er kvinnenes forteljing - frå innsida av patriarkatet.