Grunna ferieavvikling blir det ikkje sendt ut varer mellom 18.-31.desember

Villsau frå Lygra

På Lyngheisenteret går villsauane ute heile året og beiter i kystlyngheiane. Saueflokken gjer eit viktig arbeid med å ta vare på kulturlandskapet, og er ein viktig del av formidlinga om korleis dyra tradisjonelt har vore og framleis vert nytta til beiting, mat- og klesproduksjon. 

Ullfellen til villsauen er todelt med fin bunnull og grovare dekkull. Villsaugarnet er tjukt og robust, men likevel mjukt. Ferdige plagg vert mjukare etter vask, og garnet eignar seg svært godt til ytterplagg og vottar. Ull frå villsau er kjend for å vera relativt vannbestandig og svært varmt.

I Matstova på Lyngheisenteret kan du prøve villsau-suppe, -pinnekjøt og -pølser, alt etter sesong. I museumsbutikken har Lyngheisenteret eit variert utval av villsauprodukt: skinn, garn og strikkevarer er for sal, og ein del av dette finn du og i nettbutikken vår.

Vi har ulike strikkepakkar med villsaugarn. Garnet i strikkepakkane er eit samarbeid mellom Lygra villsaulag og Lyngheisenteret, og er spunne på Hillesvåg Ullvarefabrikk. Sjå meir om Lygragensaren, Jolandaluen, Isaluen lang og Isa kort, villsausokkar og villsauvottar i nettbutikken vår. Me har og villsaugarn i "lausvekt" om du vil strikka etter eigen oppskrift.

Sjå og dei flotte villsauskinna vi har- her fins eit større utval, så om du ynskjer andre fargar kan du kontakta oss direkte.

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres