Gamle slåtteenger blei til gjennom generasjonar med hausting av vinterfôr, og utan bruk av kunstgjødsel eller innkjøpte frø. Slike artsrike slåtteenger har blitt svært sjeldne og har i dag status som ein kritisk trua naturtype. På musea våre får vi ofte henvendingar kring etablering og slått av blomstereng.
Det er mogleg å etablere nye blomsterenger både i inn- og utmark, kanskje heime hjå deg? NIBIO Landvik: Norsk kompetansesenter for blomstereng og naturfrø har gjort eit stort arbeid med å samle inn frø og sett desse saman i regionale frøblandingar som er tilpassa dei ulike klima og vekstforholda. Les meir om dette arbeidet på NIBIO sine nettsider, og la deg gjerne inspirere av den flotte gjengen på Slettebakken!
Om du vil læra meir om norske blomsterenger og etablering av slike, anbefaler vi bøkene Norske blomsterenger og Frøboka. Her får du meir kunnskap om korleis du kan samle inn frø av ville markblomster frå vegkanten eller artsrike kulturmarker der du bur.
Museumssenteret i Hordaland er oppteken av å ta vare på natur- og kulturarv ved å overføre kunnskap til folk og nye generasjonar. Kunnskap om forvaltning av kulturlandskap, arbeidsprosessar, teknikkar og ressursar lever vidare gjennom praktisk bruk og gjennom å utføre arbeidet slik det tradisjonelt blei gjort.