Ullfeber?!

Ullveka er ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane og våre rike tekstiltradisjonar. Sjå heile programmet for Ullveka 2023 her. 

I MUHO er vi opptekne av bærekraft og god ressursutnytting. Vi er er stolte av å vera ein av Ullveka sine samarbeidspartnarar, og våre arrangement finn du på heimesida vår. Sjekk også ut dei flotte ullprodukta vi har for sal i våre museumsbutikkar, eller sjå ein del av utvalet her i nettbutikken.

I Ullveka kan du du boltre deg i ull og ullopplevingar, frå sauesanking frå beite i lyngheiene, til nerding med fargar, teknikkar, tema og marknad. Våre museum har kurs i alt frå ullsortering og veving, til hekling og smykkelaging. I tillegg er det ei lang rekke ulike fåredrag (!) og ullrelaterte tema.

               

I år er også Bergen Strikkefestival med i Ullveka, med heile sitt flotte og mangslungne program. Her er det kick off fredag, og helga er fullstappa med program. Dei historiske fabrikklokala i Salhus vert igjen fylt opp med kurs, foredrag og ein stor strikkemarknad. Bli med på den koselegaste strikkefestivalen i verda! 

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres