Strikking, handverk og industrihistorie

Når det regnar ute, treng vi kjekke inneaktivitetar. Kanskje lagar du ekstra god mat eller driv med handverksarbeid? I nettbutikken vår har vi fleire bøker knytt til ulike vestnorske handverkstradisjonar som kan inspirera til vidare arbeid.

Mange koser seg inne med strikketøyet medan dei ventar på våren. Kanskje du kan finna eit nytt strikkeprosjekt i ei av dei flotte strikkebøkene vi har i nettbutikken vår?

Eller kva med å lesa ei bok om industrihistorie frå Vestlandet? Tradisjonell norsk industri som treforedling, tekstilindustri, fiskeforedling og gruvedrift har spelt ei avgjerande rolle i framveksten av det moderne Norge. Sidan 1990-talet har Riksantikvaren jobba med å bevare eit utval av  tekniske og industrielle kulturminner. Salhus Tricatagefabrik er eit av dei 15 tekniske industrianlegga på Riksantikvarens bevaringsliste som ein kan lesa om i boka Når fortida blir framtida.

Arbeiderbevegelsens og fagforeningenes historie er en sentral del av Norges historie, og i boka "Vi behøver ikke at passe paa arbeideren, vi passer kun paa arbeidet" får ein eit unikt innblikk i arbeiderlivet på Salhus mellom 1920-1967.

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres