Takk for i år, og vinnaren blei..

Tusen takk til dykk som har fulgt med i årets adventskalender. Det er kjekt å få visa fram litt av det me tilbyr i nettbutikken vår og på musea våre. Me har sendt ut masse fine varer til heile landet (og utlandet), og håpar julegåvene fall i smak hjå mottakarane.

Me har trukke ein heldig vinnar av boka Klingande steinar- The warp weighted loom, og det vart Margrethe Normann. Boka kjem i posten til deg rett over nyttår. Gratulerer!

Me hadde og ein digital adventsquiz gåande, og her vart det Randi Andersen som stakk av med sigeren. Også du kan venta deg ei lita merksemd i posten.

Me ynskjer alle eit riktig godt nytt år, og håpar å sjå dykk på musea i MUHO kommande sesong!

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres