21.desember

bilde henta frå Digitalt museum og Aust-Agder museum

21.desember blei tidlegare kalla Tomasmesse, og er markert på praktisk talt alle norske primstavar som ei tønne, eit kors eller ei hand.

Årets kortaste dag blei og kalla solsnu. Nokon stader blei det sagt at slik været var denne dagen, skulle det bli heile vinteren. Julefreden skulle lysast på Tomasmessedagen og vare i tre veker.

Juleølet skulle bryggast på denne dagen som og blei kalla Tomas brygger eller Tomas fulltønne. Det var ikke berre ølbryggingen som skulle vera ferdig til Tomasdagen. Vedhoggaren, skomakaren og skreddaren skulle og ha avslutta sitt arbeid.

Når arbeidet blir lagt vekk, passer det godt med ei god bok i hendene. I dag anbefaler me boka om Lindås sjøsluser. Dette er forteljinga om det store arbeidet som er gjort med restaureringa av Lindås sjøsluser- kanskje eit av dei viktigaste kulturminnene i landet. I Noreg har det berre vore to sjøsluser, og slusene i Lindås er dei einaste i landet som kan gjenskapast slik dei ein gong var. Boka er skriven av Gunn Nordal.

Dagens tilbod er boka om Lindåsslusene for kun 100 kroner i nettbutikken!

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres