Grunna ferieavvikling blir det ikkje sendt ut varer før 23.mai.

10.desember

På Lyngheisenteret verner dei lyngheiane gjennom aktiv gardsdrift. Det tradisjonelle kulturlandskapet er eit resultat av gardsdrifta og ei berekraftig utnytting av ressursane på kysten. Villsauene på Ytre Lygra går ute heile året og beiter i kystlyngheiene. Her finn dei gras og urter i sommarhalvåret medan den vintergrøne lyngen er hovudføda om vinteren.

Ullfellen til villsauen er todelt med fin bunnull og grovare dekkull. Villsaugarnet er tjukt og robust, men likevel mjukt. Ferdige plagg vert mjukare etter vask. Garnet eigner seg svært godt til ytterplagg, vottar og sokker. Ull frå villsau er kjend for å være relativt vannbestandig og svært varmt.

Villsaugarn frå Lygra er garn av ulla til villsauene på Ytre Lygra, karda og spunne ved Hillesvåg Ullvarefabrikk. I nettbutikken har me garnet i naturgrått, men det finnast i fleire fargar på førespurnad eller i museumsbutikken på Lygra.

I dag får de 10% på villsaugarn frå Lygra i nettbutikken.

Legg igjen en kommentar

Merk, kommentarer må godkjennes før de publiseres