Oppstadveven
Oppstadveven er den eldste vevstolen vi kjenner til. Truleg har Oppstadveven eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning. Oppstadvev vert og kalla oppstadgogn, av norrøn, det å stå oppreist og gogn; redskap. Veven står oppreist mot veggen, og har renningstråder knytt nederst til vevlodd, kljåsteiner av stein eller keramikk. Historisk har det vore brukt vevsverd av kvalbein, tre og jern.
På Osterøy museum kan du sjå fleire eksempel på oppstadveven, og dei arrangerer kurs i bruk opp til fleire gongar i året- følg med på heimesida deira for kurs på nyåret!
Vevsverd nyttast til å slå opp innslagstråden når ein vever på Oppstadveven. På museet på Gjerstad har vi fleire gamle vevsverd som har inspirert handlaga kopiar laga av trekunstnaren Abrado. Desse kan kjøpast både i nettbutikken og i museumsbutikken.
Boka om oppstadveven, Klingande steinar-The warp weighted loom er ein klassikar som vi stadig sender til heile verda. I boka har forfattarane Hildur Hákonardóttir, Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl inspirert kvarandre – og andre - til bidrag til den tverrfaglege boka om Nord-Atlantisk kulturarv, representert ved oppstadveven.
Boka er i tre delar: oppstadvevhistoria på Island, Shetland og Noreg, og er ei usedvanleg innhaldsrik handbok som viser kva veven har vore brukt til og kan brukast til – eit must for dei som vil ta veven i bruk!