Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande gjenforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del av Vågespel- ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet. Vågespel omfattar også ein podkast på digitale strøymeflatar, fritt tilgjengeleg på norsk og engelsk. Les meir og lytt på vaagespel.no

