Vil du dyrke fram din eigen blomstereng?
Museumssenteret i Hordaland er oppteken av å ta vare på natur- og kulturarv ved å overføre kunnskap til folk og nye generasjonar. Kunnskap om forvaltning av kulturlandskap, arbeidsprosessar, teknikkar og ressursar lever vidare gjennom praktisk bruk og gjennom å utføre arbeidet slik det tradisjonelt blei gjort.
Gamle slåtteenger blei til gjennom generasjonar med hausting av vinterfôr, og utan bruk av kunstgjødsel eller innkjøpte frø. Slike artsrike slåtteenger har blitt svært sjeldne og har i dag status som ein kritisk trua naturtype. På musea våre får vi ofte henvendingar kring etablering og slått av blomstereng.
No har vi for sal eit knippe frøposar med naturfrøblanding av viltveksande artar tilpassa norsk klima. NIBIO Landvik: Norsk kompetansesenter for blomstereng og naturfrø har gjort eit stort arbeid med å samle inn frø og sett desse saman i regionale frøblandingar som er tilpassa dei ulike klima og vekstforholda.
Frøa vi selger passar for sone 3: kyststrøk på Vestlandet, dekker omkring 15 m2 og kan sås om våren og utover heile sommaren. Oppformering og frøhandtering er arbeidskrevjande. Dei fleste artane blir hausta for hand i fleire runder, dette gjer at prisen er noko høgare enn på andre blomsterengfrø.