Visit our museum this summer! See opening hours here.

Barbros sysaker - om kvinner, klær og kulturarv
Barbros sysaker - om kvinner, klær og kulturarv
Barbros sysaker - om kvinner, klær og kulturarv
  • Load image into Gallery viewer, Barbros sysaker - om kvinner, klær og kulturarv

Regular price
499,00 kr
Sale price
499,00 kr
Regular price
Sold out
Unit price
per 
Tax included.

I denne boka stiller Barbro Tronhuus Storlien mange spørsmål, og på sin elegante måte svarer ho også på dei fleste: Kvar hadde vi vore om ikke ein eller annan luring hadde oppfunne nåla? Og korleis ville kleda sett ut om vi ikkje hadde sakser? For ikke å snakke om alt anna utstyr som må til for å lage eit plagg? Nokre reiskaper kjenner vi historia til, medan andre tilsynelatande berre har dukka opp.

Barbro bruker klede både etter si mor, tanter, mormor og oldemor. Dette er plagg som nokon har sydd med kunnskap og omtanke, eller spart til og investert i. Det er klede som har blitt tatt vare på, enten fordi stoffa var eksepsjonelt fine eller fordi det er ei historie bak plagget som er verdt å ta vare på.

Ho tar til orde for tekstil basiskunnskap: Om vi skal redusere forbruk og ha plagga våre lenger, må vi kunne stelle dei. Vi bør kunne legge opp eit skjørt, løfte skulderstroppar, sy i knappar og bytte glidelås. Vi må vite korleis vaskelapper skal lesast slik at vi ikkje øydelegg plagga i vask. Kort sagt må vi lære korleis klede skal tas vare på.