I boka Amerikabrev, skrive av etnolog Linda Stewart, blir vi kjend med Randi Pedersdatter Holtseteren som emigrerte fra Norge i 1889.
Med sirlig håndskrift skildra Randi alt ho såg og opplevde på si lange reise, og forklarte seinere korleis ho tilpassa seg sin nye heimstad. Saman med svara ho fekk frå slekt og venner i Norge, lar amerikabreva oss ta del i ein personlig dialog over Atlanterhavet. Husmannsdattera Randi blei aldri rik eller berømt i Amerika, og slik representerer forteljinga hennar historia til det store fleirtalet som reiste til Amerika. Med utgangspunkt i amerikabreva og eit rikt bildemateriale teikner forfatteren eit unikt tidsbilde av norsk emigranthistorie.