Frys du på beina?

Frys du på beina?

Ingen grunn til det!

I dei gamle fabrikklokala på Salhus går strikkemaskinene framleis, og eit av produkta dei lagar er tjukke sokkar i alle slags fine fargar. Dei er strikka i 80% ull og 20% nylon, og er difor både slitesterke og varme.

Trykk på bildet under for å sjå utvalet og ein kort video av sokkeproduksjonen, eller kom på museet og sjå det live!

Sokkar i alle slags fargar

Om du heller vil strikka sjølv, kan kanskje villsausokkar vera noko for deg? Vi har fleire ulike strikkepakkar som nyttar det flotte villsaugarnet vårt, laga av ull frå villsauane som går i kulturlandskapet på Lygra og Lyngheisenteret.

Back to blog

Leave a comment

Please note, comments need to be approved before they are published.